foto
info Mer info:

Ortodoks prest

Christofòros Schuff er ortodoks prest og skrev denne teksten til utstillingens fanzine:
LITT OM KYRKJA
Den Ortodokse Kyrkja, sett ifrå eigen ståstad, er Kyrkja som vernar om den opphavlege, apostoliske overleveringa (m.a.o. tradisjonen) frå Kristi tid fram til no. Det vil ikkje seia at kyrkja ikkje har utvikla seg, men at all utvikling skal ha hendt innafor ramma av overleveringa og i tråd med ho. Den Ortodokse Kyrkja godtok, godtek enno og skal i prinsippet fylgja vedtektene som vart vedteke under dei 7 økumeniske kyrkjemøta frå før den store splittinga omkring året 1054 e.Kr. Det var då Kyrkja som heilleik vart delt i det som i dag er kjend som Austkyrkja (den Ortodokse) og Vestkyrkja (den Katolske, under Roma).

KYRKJESPLITTING OG STYREFORM
Splittinga har ei meir innvikla historie enn er mogeleg å oppteikna her, men eit nøkkelord her er ?styreform?. Prinsippet er slik: dersom noko skulle koma med i kyrkjelovsboka (samling av alle vedtektene frå dei 7 økumeniske kyrkjemøta) måtte det bli godkjend av heile Kyrkja, dermed ordet økumenisk. Sett ifrå aust, gjekk patriarken i Roma sine eigne vegar og tok til å endra på overleveringa og kyrkjelovsboka utan godkjenning av eller rådslåing hjå dei andre patriarkane. Fleire gongar før splittinga vart patriarken av Roma refsa for desse innovasjonane og brott på dei opphavlege kyrkjereglene. Han valte heller å framheva sin eigen rett til dette pga. stillinga han si som den fyrste (primus). Men uttrykket var heller den fyrste mellom likemenn. Den Ortodokse Kyrkja har ingen pave. Ingen biskop, erkebiskop eller patriark kan endra på regler eller tradisjonar på eiga hand. Dermed er det heller ikkje nokon av dei som er ufeilbarlege. På grunn av administrasjonsforma og konsensusprinsippet i endring av praksis i den Ortodokse Kyrkja har Ho forholdsvis utvikla seg sakte. Dette ser dei fleste ortodokse på som styrkja i den Ortodokse Kyrkja.

EMBETSKLEDE
Og kva har alt dette med presteklede og hovudplagg? Frå både oppteikningar, ikonar og kyrkjeregler veit me at presteskapet gjekk med embetsklede (til forskjell frå lekfolket), og dette er stadfesta i den 27. kanón frå det 6. økumeniske kyrkjemøtet. Presten som går utan embetskleda, anten han er i byen (dvs. heime) eller på reisefot, skal straffast i ei veke, for han skal ikkje skammast over den stillinga han har fått. I forhold til den enkle og audmjuke utsjånaden desse kleda skal ha, får me den 16. kanón av det 7. økumeniske kyrkjemøtet. Dette er i tråd med både Kristi lære slik som overlevering frå kyrkjefedrane og mødrene, t.d. som hjå Hl. Johannes Gullmunn (Chrysóstomos) and Hl. Basil den Store. I den 22. regelen til den hl. Basil skriv han at me skal ha klede som er nok til å dekkja oss til med forhold til kyskleik og for å halda oss varme. Prinsippet er: embetskleda skal visa på den eine sida at me er utvalde, men på den andre sida skal dei ikkje framheva verdsleg velstand, men heller andleg velstand som er ?kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.? Den hl. Basil seier vidare at nor kristne (lekfolk eller prestar) kler seg i audmjuke klede kan skam i seg sjølv (pga. at me vert kjend att som ?kristne?) føra til at me oppfører oss slik som me skal. Dermed vert tilmed kleda ei form for kristen pedagogikk, skriv han. Hatten og dei andre prestekleda er teikn på hengjeving og lydnad. Nor ein tred inn i presteskapet er ein ikkje berre lydig mot ein sine eigne kjensler eller lystar, men mot Gud, Kyrkja og generelt sett den heilage Overleveringa. Dette er noko som er større enn ein sjølv.